VELKOMEN HIT!

Caroline Hatløy Engeset

DAGLEG LEIAR & ART DIRECTOR

Caroline har 5 års utdanning innan mediedesign. I 2020 tok ho mastergrad ved Høgskulen i Volda, på linja Master in Media Practices. Ho arbeidar med strategisk design, og kan hjelpe deg med blant anna merkevarebygging, visuell identitet og webdesign. Arbeidet går over ulike flater og kanalar, analoge og digitale, og ho likar å teste ut nye teknologiar.

Caroline har eit stort ynskje om å hjelpe - ho vil hjelpe deg å synleggjere bedrifta di og gi deg verktøya du treng for å kommunisere betre med kundane dine. Med godt samarbeid og god kommunikasjon kan vi klare kva som helst.

Cecilie Hatløy

PROSJEKTLEIAR & FOTOGRAF

Med snart 15-års drift av eige fotostudio, har Cecilie opparbeida seg mykje nyttig erfaring og kunnskap som ho tek med seg inn i sine nye oppdrag og prosjekt. Cecilie har sveinebrev/fagbrev i fotograffaget med beste resultat «Bestått meget godt». Ho er ein anerkjend og prisvinnande fotograf nasjonalt og internasjonalt, og har kvalifisert seg som ein av få i Noreg til tittelen «Master Qualified European Photographer» dette i regi av Federation of European Photographers (FEP).

I dag sit Cecilie sjølv i juryen, og juryerer på høgaste nivå rundt om i Europa for FEP. Ho er også medlem av Norges Fotografforbund (NFF).

Cecilie er lidenskapeleg opptatt av å visualisere og formidle bodskap gjennom sine fotografi. Ho kan hjelpe deg å styrke di merkevare ved å nytte fotografiet. Med sitt unike blikk, kreativitet og faglege tyngde er ho ein visuell formidlar du gjerne vil ha med på laget.

www.ceciliehatloy.no

Helene Hoddevik Dammerud

GRAFISK DESIGNAR & ILLUSTRATØR

Helene har 3 års utdanning innan mediedesign frå Høgskulen i Volda. Ho har studert 1 år illustrasjon og design i Oslo, og har drive med digital illustrasjon i over 10 år.

Ho er spesielt interessert i interaksjonsdesign, både for nettsider og app, og opptatt av at samspelet mellom menneske og teknologi skal vere friksjonsfritt. Helene kan skape interessante og funksjonelle illustrasjonar og animasjonar til di bedrift, som kan bidra til å skille dykk ut i marknaden.

Vår samarbeidspartnar på film, Majoma Media

Mathias Sæter, Marius Ødegaard og Mathias Mork