Våre tenester
-
Vi vil hjelpe deg å finne identiteten til bedrifta di. Vi gir deg verktøya du treng for å kunne halde ein raud tråd gjennom alt av kommunikasjon med kundane dine. Vi sett opp ei profilhandbok som gjer det enkelt for deg å ta i bruk elementa i profilen dykkar, og å bruke dei på riktig måte. Vi er behjelpelege på heile nye profilar, endringar i eksisterande profilar eller med delar av dykkar grafiske profil, til dømes forming av logo.
-
Med god strategi, kreativitet og kunnskap om merkevara di, vil vi skape innhald i form av foto og film som treff ønska målgruppe og som vil engasjere ditt publikum. Opptak av film/foto kan skje ute på lokasjon, i verksemda og/eller i fotostudio. Vi tilpassa prosjektet etter dine ynskjer og behov. SJÅ MEIR
-
Med illustrasjonar kan ein forsterke bodskapen. Illustrasjonar kan ha ulike funksjonar, som å forklare, sjarmere, vekke kjensler eller gi eit innslag av humor. Vi kan skape ein unik stil for di bedrift, dette gjer at du får eit særeigent uttrykk og lett blir gjenkjent over ulike flater. Illustrasjonar kan óg vidareutviklast til animasjonar - bevegelse gjer det til eit sterkare blikkfang og skaper engasjement.
-
Vi arbeidar for at du skal vere synleg på nettet. Smarte løysingar og enkel utforming vil gjere det enkelt å navigere seg rundt på nettsida og sørge for ei god brukaroppleving. Vi vil hjelpe deg å vise fram dine produkt og tenester på best mogleg måte. Alle sider bygd i Squarespace er responsive. Det vil seie at dei tilpassar seg heilt automatisk til både mobil og nettbrett.
-
Vi kan vere med deg heilt frå starten av ditt prosjekt, med kreativitet og kunnskap kan vi saman realisere din visjon! Idéar treng drivkraft for å nå målet, vi kan vere din sparrepartnar - di drivkraft for å arbeide strategisk mot ditt mål.
-
Med interessant innhald, god design og ein raud tråd gjennom det heile, vil vi hjelpe deg å lage heilskaplege kommunikasjonsstrategiar. Vi arbeidar over ulike kanalar og kan bistå med marknadsføring på sosiale plattformar, nettside og/eller epost. Vi vil fungere som ei forlengande arm for bedrifter som ikkje har eiga marknadsavdeling, eller som berre treng litt ekstra muskelkraft.
-
Vi har gode og nære samarbeidspartnarar på produksjon. Vi vil gjere prosessen enkel for deg, ved å arbeid som din design- og produksjonskoordinator! Vi er med deg gjennom alle fasane, heilt til ferdig produkt, dette gjer at vi har kontrollen heile vegen og du treng berre å forhalde deg til oss i möremedia.