Foto

Lat det vere enkelt for kundane å forstå kven de er og kva de kan tilby. Film og foto er viktige verktøy som bidreg til å skape gode inntrykk. I ei digital verd gjeld det å skilje seg ut allereie i første møte med kunden.

Med god strategi, kreativitet og kunnskap om merkevara di, vil vi skape innhald i form av foto og film som treff ønska målgruppe og engasjere ditt publikum. Opptak av film/foto kan skje ute på lokasjon, i verksemda eller i fotostudio. Vi er gjerne med heile vegen frå planlegging, gjennomføring, etterarbeid og til publisering. Vi gjer alt frå mindre fotooppdrag til større fotoprosjekt og tilpassa prosjektet etter dine ynskjer og behov.

    • Portrettbilete av tilsette

    • Miljøbilete frå eiga bedrift

    • Produkt-/reklamefoto

    • Interiør-/eksteriørfoto

    • Event-/reportasjefoto

    • Utsmykking av lokaler

    • Drone

  • Ved å nytte autentiske bilete og videoar frå eiga verksemd som gir eit godt inntrykk av produkta og tenestene de tilbyr, vil de kunne gi kunden ei kjensle av profesjonalitet og truverd. Bileta blir skreddarsydde for merkevara di, slik at du vil skilje deg ut frå massane på best mogleg vis.

    Dette vil auke tilliten til potensielle nye kundar og leie til meir sal.

    Eigne merkevarefoto har lengre levetid enn «stockfoto», i tillegg kan dei tilpassast alle flater og til ditt behov. Invester i eit profesjonelt uttrykk på tvers av nettsider, katalogar, annonsar og sosiale medium.

  • Vis dine tilsette frå si beste side med profesjonelle portrett av dei, slik vil du gi kunden kjensla av tillit og tryggleik. Når kundar leitar etter deg, di teneste eller ditt produkt, er nettsida ofte den første staden dei går til. Lat det første møtet mellom deg og kunden gi ei kjensle av god kvalitet ved bruk av profesjonelle bilete og film.

  • Kunstig intelligens (AI) kan nyttast til å skape bilete og illustrasjonar av høg kvalitet. AI nyttast gjerne i dei høve det ikkje er mogleg eller høve til å fotografere. Bildegenerering kan vere ein god måte å skape unikt og tilpassa innhald til di marknadsføring.

Fotograf Cecilie Hatløy

Anerkjend og prisvinnande fotograf med sveinebrev og europeisk “Master QEP”. Vel 13 års erfaring frå fotobransjen og drift av fotostudio.

Med fagleg tyngde og kreativitet losar vår fotograf deg gjennom ditt neste prosjekt med ei stødig hand.

  • Sertifisert 2022 | MASTER Qualified European Photographer.

    Federation of Professional European Photographers

    Første fotograf og einaste i Norge, kvalifisert som MASTER QEP

  • Sertifisert 2017 | Qualified European Photographer (QEP) Federation of Professional European Photographers

    Første fotograf i Norge kvalifisert som QEP.

    Sertifisert 2015 - European Photographer (EP) Federation of Professional European Photographers

  • Fagbrev/sveinebrev i fotograffaget

    Møre og Romsdal Fylkeskommune

    Svenneprøve "BESTÅTT MEGET GODT" 2022

  • Landskonkurransen | Norges Fotografforbund

    2018 | Årets bilete | Portrett

    2019 | Årets bilete | Kommersiell

    2021 | Årets bilete | Bryllup

    2022 | Årets bilete | Natur

    2023 | Årets bilete | Familie/gruppe

  • 2021 | Gullmedalje med krans er Norges Fotografforbunds høgaste konkurranseutmerkelse.